DIS-Norge
 
  English Norsk  

Bokn

Bokn kommune

Slektsforskerdatabaser
Bokn
Tysvær
 Vindafjord
 
Folketellinger
1145 Bokn 
1146 Tysvær
1154 Vindafjord
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Bokn har vore sentral gjennom alle tider. Ein meiner at namnet Bokn tyder seglingsmerke. Den karakteristiske fjelltoppen på Vestre Bokn har vore lett å kjenna igjen og kunne orientera seg etter på sjøen.

Skipsleia nord-sør går gjennom sjølve Boknasundet. Her ligg framleis restar etter store gravrøyser frå bronsealderen. Dei vitnar om eit velorganisert samfunn alt den gongen.

Ein kan også finna ei mengd med tufter etter små hus. Desse blei truleg nytta som overnattingsbuer for tilreisande fiskarar ein gong for kring 1000 år sidan.

Kanskje var det i Kongshamn Erling Skjalgsson blei drepen, og Olav den heilage "mista Noreg".

Sør ved Are ligg Skodahabn, ei av hamnene skottane nytta då dei på 1600-talet drog til Ryfylke for å handla trelast.

Under dei rike sildefiskeria på 1800-talet flytta mange til dette øysamfunnet. Då nådde folketalet ein topp i 1865 med 1062 innbyggjarar.

I alle år har det vore jordbruk og fiske som har vore viktigast - særleg har fiske vore viktig i gode sildeperiodar.

Med utgangspunkt i Bokn kan ein i dag nytta arbeidsmarknadene både sør og nord for Boknafjorden. Det er rundt 30 min. køyring til Haugesund og Stavanger.

Bokn er den eldste kommunen på Haugalandet. Det er her du finn Haugalandets eldste trehus og ein av landets aller eldste buplassar. Du finn Bokn heilt i det øverste toppskiktet i dei nasjonale levekårsundersøkingane

Boknarane er få og sjeldne. Dei rår i eige hus, og er så få at kvar og ein blir ein viktig del av fellesskapet. Difor har du her betre høve til å påverka eige nærmiljø - om du vil.

Kystlinje: 120 km
Flateinnhald: 48 km²td>
Innbyggjarar: 851 (01.01.12)
Høgaste punkt: Boknafjellet 294 m.o.h.
   
Næringsverksemd:  

- jordbruk

 
- plastproduksjon  
- lakseoppdrett

 

 

Tillatelse til bruk av kommunevåpen er gitt av Bokn kommune november 2014.