DIS-Norge
 
  English Norsk  

Møte i Slekt og Data Sunnhordland 14. februar 2017

Tema for møtet: Det var ikkje sett opp noko tema for møtet, men vi var innom følgjande emne:

1. Søk i Nasjonalbiblioteket og andre stader på internett.

Nasjonalbiblioteket.
Vi såg på korleis ein kan søke i Nasjonalbiblioteket sitt materiale for å finne informasjon om einskildpersonar.

Riksarkivet.
Vi var inne og såg på koplingar der ein kan kontakte arkiva for å få svar frå tilsette og på brukarforum som er oppretta.

Slekt og data si internettside: DIS Norge.no
Her såg vi på kva som kan brukast dersom ein ikkje er medlem og kva som kjem i tillegg dersom ein er medlem i organisasjonen.

2. Nyare registreringar og sperrefristar i Riksarkivet

Det kan vere vanskeleg å finne materiale av yngre dato. Det er 3 sperrefristar som er vanlege:
60 år. Detter er for sensitive personopplysningar
80 år. Gjeld for det meste helse, straff og fengsel.
100 år. I hovudsak for adopsjon og barnevern. Dessutan for materiale som er samla inn til statistikkbruk, til dømes folketeljingar.
Det kan også vere at materialet ikkje er levert inn til Riksarkivet. Då er ei løysing å kontakte den som er ansvarleg for å registrere informasjonen

3. Søknad til Sparebank Vest

Sigmund Steinsbø tok opp spørsmål om å søke til Sparebank Vest om sponsormidlar. Dei skal løyve pengar til frivillige organisasjonar. Han ville vite om Slekt og data Sunnhordland kan stå som søkar til eit prosjekt for å få pengar til å få gjort ei DNA- undersøking for å kartleggje gamle norske stormannsslekter i Sunnhordland frå før dansketida. Han kunne ta det praktiske knytt til søknaden.
Det var ikkje innvendingar til at vi kan stå som søkar, men vi er ein underavdeling av Slekt og Data Haugaland. Vi har ikkje nokon eigen økonomi og er ikkje eit organisasjonsledd som er innretta mot det.
Eg bad han derfor om å avklare den praktiske løysinga på dette med leiaren Thor Håkon Nordahl av di eit eventuelt tilskot må gå gjennom deira bank.

4. Nytt møte.

Det er sett av tid til nytt møte:
Dato: Tysdag 18. april
Tid kl. 19.00 – 21.30
Stad: Stord kulturhus, Leirvik. Møterom 1

Sten Risvoll