DIS-Norge
 
  English Norsk  

Suldal

Suldal kommune

Slektsforskerdatabaser
Suldal
 Vindafjord
Sand
 Vats
Vikedal
Jelsa
 
Folketellinger
1134 Suldal
1136 Sand
1138 Jelsa
1154 Vindafjord
1157 Vikedal
1155 Vats
 
Andre ressurser
Sambok
Søkbare kilder
 

Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur i underkant av 3900 menneske her. 1300 av desse bur i kommunesenteret Sand.

I Suldal kan du oppleve det mjuke, lune fjordlandskapet som kjenneteiknar Ryfylke. Du kan vitja sjarmerande, små strandstader, reisa gjennom breie og frodige dalføre, sjå kulturhistoriske minnesmerke og djupe skogar. Damanlegga til Ulla-Førre og Blåsjø er vel verdt eit besøk. Til tross for Norges største kraftutbygging, finn du framleis store urørte fjellområde. Suldal byr på eit mangfald av opplevingar både når det gjeld natur, kultur og aktivitetar.

Næringslivet er allsidig. Landbruket er basisnæring og gir grunnlag for busetjing i alle delar av kommunen. Husdyrhald og mjølkeproduksjon er ryggraden i denne næringa. Bygdeturisme og småkraftverk er på full fart inn som tilleggsnæringar. Transport, bergverk, fiskeoppdrett, trevareindustri, handel og service er andre store næringar.

Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod til folk i alle aldersgrupper. Det er barnehagetilbod til alle, og prisane er framleis mellom dei aller lågaste i landet. Skulemønsteret er desentralisert.

Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tillatelse til bruk av kommunevåpen er gitt av Suldal kommune november 2014.